Holmevika

20200525_Kjelstad_0018.jpg

Kjelstad Hyttefelt ligg på eit stort nes i Hestadfjorden, omkransa av Gaularvassdraget, og består av romslege hyttetomter, i idylliske og rolege omgjevnader. Hestadgrend er eit natureldorado, der freden rår blant furu, vatn og fjell. Her går livet i eit anna tempo. Du er vekke frå kvardagen sitt kjas og mas, og lev til skogen sin eigen puls. Det er her du skal hente påfyll av energi. 

20200403_Kjelstad-Bruk_0028.jpg

I ei verd som blir stadig meir hektisk, treng vi ei frisone. Ein stad der du kan slå av mobilen og få tilbake kvilepulsen. For mange er hytta ein slik stad, og då gjerne med natur tett på seg. For sjølv kor urbane vi menneske har blitt, treng vi påfyll av naturopplevingar. Det gjer noko med oss å sitte i vasskanten og sjå sola leike på vatnet, eller å slappe av i ein solvegg og høyre vinden i trea. Å tenne i bålpanna og sjå flammane danse i mørket har ein eigen ro og kvalitet.  

I 2019 stod den første hytta, Holmevika, ferdig. Skapt i samråd mellom arkitekt Yngve Brakstad, grunneigar og Jølster Bygg. Holmevika er ei modernisert utgåve av Jølster Bygg si Svale-hytte, som er tilpassa og tar inn over seg terreng og landskap rundt seg. Holmevika er bygd av norsk malmfuru, og er prega av spennande vinklar, rause takoverbygg og store vindaugeflater, samstundes som den tek i vare naturen rundt seg. Som resultat av dette blir naturen rundt invitert inn i hytta, samtidig som ein får gode, lune område å trekke seg tilbake til.